World News

Israel har utført nye luftåtak mot Libanon – Hizbollah sender samstundes rakettar

NRK.no 

Det israelske forsvaret seier at dei utfører no åtak mot fleire mål i Libanon.

Hizbollah seier sjølv at dei også har skote rakettar mot industriområde i hamnebyen Haifa i Israel. IDF seier at 45 rakettar er skote mot dei.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier at han instruert forsvaret til å halde fram åtaka med full kraft.

I løpet av natta blei 23 personar med syrisk opphav drepne i eit israelsk luftåtak i Libanon, skriv Reuters.

Dei har snakka med ordføraren i byen Younine der hendinga skjedde.

Читайте на 123ru.net