World News

Museumsgjenstandar stole frå Obrestad fyr

NRK.no 

I natt har politiet fått melding om eit innbrot på Obrestad fyr. Innbrotet blei oppdaga fordi det gjekk ein brannalarm i ein av bygningane ved fyret i Hå kommune.

Det var ein brannalarm som gjekk av, som starta saka.

– Brannvesenet rykka ut og tilkalla så politiet, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Sindre Lotsberg.

Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar. Det er stole museumsgjenstandar frå ei utstilling om 2. verdskrig.

– Det er snakk om gjenstandar som belte, hjelm og utstyrsvesker, seier Lotsberg.

Meldinga frå brannvesenet til politiet kom klokka 01.25.

Читайте на 123ru.net