Mistenker at skulebrann er påtend
Brannen på Sortland barneskole laurdag kveld blir etterforska. Det melder Nordland politidistrikt, som skriv dei har grunn til å tru at brannen er påtend.
Personar med opplysningar om observasjonar i området i tdsrommet 21.45-22.30 blir bedne om å kontakte politiet på tlf. 02800.
Inngangspartiet på barneskulen blei overtent før brannmannskap fekk kontroll på flammane. Det var før det fare for spreiing til den vidaregåande skulen vegg i vegg.