Riksveg 13 Vikafjellet stengt grunna jordskred
Mannskap er på veg for å rydde opp i jordskred på riksveg 13 over Vikafjellet. Vegen er stengt på grunn av jordskred, melder Vegtrafikksentralen i Vest. – Naudetatane jobbar på staden for å sjå om det er folk i raset. Det er ein pågåande aksjon, seier Ronny Sleire trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen i Vest. Vest politidistrikt har per klokkka 20.30 fått inn melding seks ulike skred over veg. – Politiet frårår folk frå å køyre ut eller ferdast i rasutsette område, seier Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt.