Truga to personar med våpen
Ein kvinne skal ha truga ein mann og ei kvinne med eit skytevåpen på Minde i Bergen.
Hendinga, som blei rapportert klokka 17.44, skjedde i eit bygg med fleire leilegheiter. Politiet rykte ut t og har hatt kontakt med dei involverte.
Ingen blei skadde i hendinga. Under ei ransaking fann politiet to gassvåpen. Den sikta kvinna blir ikkje pågripen, ifølge operasjonsleiar Knut Dahl- Michelsen i Vest politidistrikt.
Alle dei involverte kjenner kvarandre.