Straumprisen skal bli 13 kroner i Sør-Vest torsdag
Det viser prisoversikten til energiselskapet Lyse.
Frå før var det varsla at onsdag kom til å bli ein dyr straumdag med over seks kroner per kWh, men torsdag blir altså meir enn dobbelt så dyr mellom klokka 17 og 18.
Høgaste spotpris utan straumstøtte mellom klokka 17 og 18 i dag er 629,41 øre. I den same timen torsdag er spotprisen 1314,98, viser oversikta i Lyse sin app.