Sp-Arnstad om straumprishopp: – Uhaldbar situasjon
– Vi har ikkje lenger kontroll over straummarknaden, seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad.
Ho konstaterer at dei skyhøge straumprisane deler av landet har i vente torsdag, kjem som følgje av prissmitte frå Europa.
– Det er utruleg viktig at vi no samlar oss og seier at Danmark-kablane ikkje skal fornyast. I tillegg må energiministeren forhandle om kabelen mot England på ny, seier Arnstad.
Arnstad har bite seg merke i at også Høgre-ordføraren i Kristiansand, Mathias Bernander, har sagt nei til nye Danmark-kablar, som går ut på dato i 2026.
– Det er ingen som seier at vi skal kutte all kraftutveksling, men det er den samla eksponeringa vår mot utlandet som gir denne prissmitta, seier Arnstad.