World News

Biden: Både ytringsfridomen og lova må bli respektert

NRK.no 

USAs president Joe Biden seier at både ytringsfridomen og lova må bli respektert når studentar demonstrerer mot krigen i Gaza, melder Reuters.

– Vi er ikkje ein autoritær nasjon som stilnar folk og knuser dissidentar. Men vi er heller ikkje eit lovlaust land. Vi er eit sivilsamfunn, sa han på ein pressekonferanse torsdag.

Han avviser at protestane har ført til at han har endra syn på Midtausten-politikken, og at det var uaktuelt å bruke nasjonalgarden mot studentane.

Читайте на 123ru.net