World News

Ber om frifinning etter valdtekt

NRK.no 
Ber om frifinning etter valdtekt

Forsvarar Axel Villard Lange ber om at 18-åringen som er tiltalt for medverknad til grov valdtekt utanfor Molde domkyrkje blir frifunnen. Han viser mellom anna til at guten har vore i Noreg i kort tid, ikkje kjenner norsk kultur og berre har eitt års skulegang.

Han ber samtidig om at 18-åringen ikkje blir dømd til å betale oppreising, slik bistandsadvokaten har bedt om.

Forsvararen til ein 17-åring ber om ungdomsstraff for sin klient.

Fem gutar skal ha deltatt under grov valdtekt av ei jente under 14 år utanfor Molde domkyrkje i fjor sommar.

Aktor har bedt om fengsel i 4,5 og 5 år (halvparten på vilkår) for dei to eldste og 400 000 kroner i oppreising.

Читайте на 123ru.net