World News

BT: To menn pågripne for ran og fridomsfrårøving

NRK.no 

To menn i 20-åra er pågripne og sikta for ran og fridomsfrårøving eller medverking til dette, melder Bergens Tidende.

Hendinga skal ha skjedd i Bergen førre torsdag.

Fornærma er ein 18 år gamal mann, melder Bergensavisen.

Dei to sikta vart pågripne natt til laurdag og laurdag morgon.

Ein av dei sikta blei framstilt for fengsling klokka 11 i dag. Han nekta straffskuld, og meiner han berre har vore sjåfør for ein kompis, opplyser forsvarar Rolf Mikalsen til BA.

Mannen er òg sikta for fleire bedrageri og tjuveri, noko han tidlegare er domfelt for, melder BA.

Den andre sikta blir framstilt for fengsling måndag ettermiddag.

Politiet ber om at dei blir varetektsfengsla i fire veker.

Читайте на 123ru.net