World News

Telenor har tekniske problem

NRK.no 

Fleire av Telenor sine kundar har problem. Det stadfestar informasjonssjef i selskapet, Roald Orheim.

– Enkelte kundar får ikkje kopla seg til mobilsamtalar eller jobba på mobilt breiband. Det er det største problemet no, men me kjenner ikkje til omfanget, seier han.

Også nettsidene til selskapet er nede.

Nettsida Downdetector har fått over 2000 meldinger om feil hos teleselskapet, skriv VG.

– Me har ikkje oversikt over kor stort område dette gjeld, om det er eit lite område, eller heile landet, seier Orheim.

Dei jobbar no med å få oversikt over kva som har skjedd.

Читайте на 123ru.net