Opnar delvis 16 stengte lakseelver
I Sør-Noreg opnar avgrensa laksefiske i 16 av 33 stengde elvar, og to av seks stengde sjøområde. I nord blir laksefisket stramma inn i Varangerfjorden, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.
– Det er framleis nødvendig med ekstraordinære tiltak i laksefisket i elvene og fjordregionane frå Trøndelag og sørover, der fisket vart stansa 23. juni, seier leiar for fiskeseksjonen i Miljødirektoratet, Raoul Bierach.