World News

SSB: Prisveksten lågaste på tre år

NRK.no 

Prisane var 2,6 prosent høgare i juni 2024 enn for eitt år sidan, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Sjølv om prisane er høgare i år enn på same tid i fjor, er den likevel på veg ned. Dette er sjette månad på rad kor prisveksten har gått ned.

Ifølge NTB er det den lågaste prisveksten sidan 2021.

– At prisveksten fell vidare, er ein god indikasjon på ljusare tider for folks økonomi, seier finansminister Tryge Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.

Den største prisauken er på mat og alkoholfri drikke. Der har prisane auka med 1,9 prosent frå mai til juni, og 4,9 prosent sidan juni i fjor.

Konsumprisindeksen beskriv endringar i prisen på vanlege varer og tenester som hushaldningar kjøper.

Читайте на 123ru.net