World News

Australia etterforskar 65 døde kenguruar

NRK.no 

Kenguruane vart funne rundt 120 kilometer nord for Melbourne i delstaten Victoria.

Styresmaktene mistenkjer at fleire av dei vart drepne.

– Minst tre kenguruar vart funne i live, men måtte avlivast på grunn av skadane. To kenguruar til overlevde og blir no tekne vare på ved ein dyreheim, seier ein representant for det lokale naturvernet.

Representanten seier også at fleire av dyra hadde skotskadar, og fleire av dei hadde skadar som tyder på at dei har vorte påkøyrde. Det vart også funne tomhylser frå ei hagle i området.

I fleire australske delstatar er det lov til å skyte kenguruar, på grunn av behovet for å kontrollere populasjonen. Det er likevel påbode med eit løyve frå styresmaktene.

Anslag på kor mange kenguruar som lever i Australia varierer frå 30 til 60 millionar. (NPK)

Читайте на 123ru.net