World News

Gravid kvinne varetektsfengsla i fire veker

NRK.no 

Tre rumenske personar er varetektsfengsla, sikta for grovt tjuveri, etter fengslingsmøte i Haugaland og Sunnhordland tingrett i dag. Dei varetektsfengsla er ei gravid kvinne i 30-åra, ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra.

Ifølgje politiet er dei omreisande vinningskriminelle, som blei tatt med «et ikkje ubetydelig pengebeløp» i Haugesund-området på onsdag. Dei blir kopla til innbrotet i eit hus i Nannestad på Austlandet fredag 12. juli.

I rettsavgjerda kjem det fram at ho er gravid, men retten har likevel kome til at kvinna kan varetektsfengslast i fire veke. Der to veker er med brev- og besøksforbod.

– Ho har forklart seg og erkjenner ikkje straffskuld. Avgjerda vil bli vurdert anka, seier forsvararen hennar Benedicte Storhaug.

Ho seier at graviditeten til klienten hennar gjer at fengslinga blir ei ekstra belastning.

– Men me registrerer at tingretten legg til grunn at ho vil få nødvendig helsehjelp, likevel blir det ei ekstra belastning.

Читайте на 123ru.net