World News

Mannleg trenar tiltalt for seksuell handling mot mindreårige utøvarar på treningsleir

NRK.no 

Ein mannleg trenar frå Vestland er tiltalt for misbruk av si stilling mot ein utøvar, og for fleire tilfelle av seksuell handling mot to utøvarar som begge var under 16 år.

Gjennom ein periode på tre år skal han ha hatt seksuell omgang med ein utøvar han hadde eit tillitsforhold til, og som han visste var sårbar. Dette skal ha skjedd både i Noreg, og på treningsleirar i utlandet, ifølgje tiltalen.

Ifølgje tiltalen skal trenaren også ha utnytta sitt tillitsforhold som trenar mot to jenter som var under 16 år, og for seksuell handling mot dei.

Mannen må møta i retten i november. Det er sett av tre dagar til saka.

Tiltalte har ikkje lenger verv i klubben han tidlegare var trenar i, får NRK opplyst. Han vart umiddelbart permittert då saka vart kjent.

Читайте на 123ru.net