Mann til sjukehus etter brann i einebustad i Bergen
![Mann til sjukehus etter brann i einebustad i Bergen](https://gfx.nrk.no/ef3yFijUaDlyc-11K2FUowl51szQNDY0769f6RT7VnoQ.jpg)
Klokka 12.17 vart det meldt om eksplosjonsarta brann i kjellaren på ein bustad i Loddefjord i Bergen. Vest politidistrikt opplyser at det kan ha tatt fyr i ei bensinkanne.
Ein mann i 40-åra kom seg ut av bustaden og fekk helsehjelp på staden, før han blei frakta til Haukeland sjukehus. Politiet seier han skal vere lettare skadd. Bebuaren meldte sjølv inn brannen.
I tillegg låg ein mann i 20-åra og sov i etasjen over. Han vart ikkje skada.
Det var observert opne flammar og røyk frå kjellaren, og brannvesenet rykka ut med personell frå tre stasjonar.
Brannen var avgrensa til innvendig i bygget, og det var uvisst om det var meir bensin på staden. Klokka 12.21 melder politiet at brannen er sløkt.