World News

Namnet på drapssikta 17-åring offentleggjort

NRK.no 
Namnet på drapssikta 17-åring offentleggjort

Det er 17-år gamle Axel Muganwa Rudakubana som er sikta for drapet på tre jenter med kniv, og skada fleire, i Southport, melder Sky News

Det er ein dommar som har bestemt at namnet hans kan bli offentleggjort etter at han blei framstilt for varetektsfengsling torsdag.

Ifølge Skys reporter er det uvanleg at namnet blir offentleggjort på denne måten fordi personar under 18 år har eit særleg vern i britisk rett.

Alder Hey sjukehus opplyser at to barn som blei lagd inn med skadar etter angrepet, er skrive ut. Tilstanden til dei fem som framleis er innlagde, er stabil, seier dei.

Også to vaksne blei skadde i angrepet måndag føremiddag.

Читайте на 123ru.net