World News

Personbil har forårsaka tre trafikkulukker på Straume i Øygarden

NRK.no 

Kl. 15.28 fekk politiet ei melding om ein personbil som hadde køyrd inn i ein anna bil i Arefjordvegen på Straume utanfor Bergen.

Føraren skal ha stukke av frå staden og deretter kollidert fleire stadar sørover, melder politiet.

Totalt har føraren forårsaka tre trafikkulukker og materielle skade på fleire køyretøy.

– Han skal ha ropt og skrike mot andre på staden, og hadde ei farleg køyring vidare. Han haldt også på å køyre ned nokre born som stod langs vegen, fortel operasjonsleiar Espen Loftesnes i politiet.

Politiet seier at mistenkte er ein mann i 30-åra, og har blåst over lovleg verdi i alkometer og har ikkje gyldig førarkort.

Føraren av personbilen er frakta til traumemottaket på Haukeland Universitetssjukehuset. Politiet melder at føraren er vaken, men at skadeomfanget elles er ukjent.

Det er ikkje meldt om personskadar på andre enn føraren.

Politiet ønsker kontakt med vitne til hendinga på tlf. 02800. Dei ønsker spesielt å prate med førar av ein kvit Volvo stasjonsvogn, som var ved Arefjordvegen på det tidspunktet.

Читайте на 123ru.net