World News

Mann sikta etter trugslar og ruskøyring

NRK.no 

Ein mann i 30-åra vart i går pågripen og sikta for å ha trua kjærasten sin og køyrt bil i ruspåverka tilstand.

BT omtalte saka først.

Mannen som bur i Bergen skal ha trua kjærasten over ei lengre periode. Både gjennom fysiske samtalar, men også gjennom telefonsamtalar og tekstmeldingar.

– Mannen skulle pågripast, og patruljen trefte på han i ein bil. Dei mistenkte at han var ruspåverka og det vart difor gjort ein blåseprøve som viste ulovlege verdiar, seier politiadvokat Olav Otterdal.

Mannen er førebels ikkje avhøyrt, og politiet har ikkje teke stilling til om han skal framstillast for varetektsfengsling.

Читайте на 123ru.net