World News

Politiet jaktar på Puigdemont

NRK.no 
Politiet jaktar på Puigdemont

Politiet i Barcelona leitar etter den tidlegare katalanske separatistleiaren Carles Puigdemont, melder BBC.

Dei har sett opp vegsperringar både i byen og vegane rundt.

Puigdemont dukka torsdag opp utanfor det katalanske parlamentet i Barcelona, og heldt ein kort tale til støttespelarar, før han forsvann.

Dei siste sju åra har Puigdemont budd i eksil, etterlyst av politiet etter at han leia eit forsøk på å lausrive Catalonia frå Spania i 2017.

Читайте на 123ru.net