Danmark: To gutar skadde i jordskred
To tyske gutar på ni og tolv år er kritisk skadde i eit jord-og sandskred på Jylland i Danmark. Det skriv dansk TV 2.
Gutane skal ha grave ut ei hole i ei sanddyne og blei begravd då store mengder sand rasa over dei. Dei låg under sanden i rundt 40 minutt før dei blei gravde ut.
Begge gutane fekk livreddande førstehjelp på staden og blei frakta med ambulansehelikopter til Aarhus.
Beredskapstenesta oppmodar folk til å vera varsame når dei går langs sandynene på vestkysten av Jylland.
– Hald dykk på offisielle stiar og ikkje gå ut til kanten, seier Jens Mølgaard, beredskapssjef i Sydvestjysk Brandvæsen, til DR.