Kongeskipet har kome til Møre og Romsdal
Kongeskipet «Noreg» er på plass i Møre og Romsdal. Tysdag morgon segla skipet inn Vanylvsfjorden. Det melder Synste Møre. Skipet hadde flagget til topps. Når det blir flagga på Kongeskipet er ein eller fleire av dei kongelege er om bord i skipet.
Skipet har blitt observert i nærleiken av Kjødepollen i Vanylven, der innslaget til den planlagde Stad skipstunnel skal kome. Kanskje ville Kongen sjå dette på nært hald?
Laurdag blir kongefamilien til stades når prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett gifter seg i Geiranger. Bryllaupsfesten startar i Ålesund torsdag.