World News

Norgesgruppen tjente 2,1 milliarder kroner før skatt i første halvår

NRK.no 

Daglegvarekonsernet Norgesgruppen tente 2,1 milliardar kroner før skatt i første halvår. Det er ein auke frå same halvår i fjor, kor resultatet enda på 1,6 milliardar kroner før skatt.

Driftsinntektene enda på 57,2 milliardar kroner i halvåret, opp frå 54,3 milliardar kroner i første halvår i 2023. Det går fram av halvårsrapporten til konsernet.

Norgesgruppen eig butikkjedene Kiwi, Joker, Spar og Meny, i tillegg til grossisten Asko. Norgesgruppen hadde i fjor ein marknadsandel på 43,6 prosent i daglegvaremarknaden i fjor.

Konsernet sit no igjen med meir for kvar omsette krone. Frå januar til juni var driftsmarginen på 3,7 prosent – opp frå 3 prosent i same halvår i fjor.

Konsernsjef Runar Hollevik peiker på kundevekst, auka produktivitet og reduserte straumkostnader som faktorar som gjorde resultatet betre enn i fjor.

Читайте на 123ru.net