World News

Det israelske forsvaret tek sjølvkritikk

NRK.no 

Det israelske forsvaret (IDF) seier onsdag at dei «svikta» i sin respons på eit åtak frå israelske busetjarar i byen Jit på den okkuperte Vestbreidda for nokre veker sidan.

Ein ung palestinsk mann vart drepen i åtaket, ifølgje palestinske styremakter.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP, skal Generalmajor Avi Bluth, leiar for militæret sitt sentralkommando uttala at åtaket var «ein svært alvorleg terrorhending der israelarar hadde som mål å skade innbyggjarane i byen Jit. Vi svikta ved å ikkje lukkast med å kome fram tidlegare for å beskytte dei».

Читайте на 123ru.net