World News

USA tok beslag i flyet til presidenten i Venezuela

NRK.no 

Amerikanske styresmakter har teke beslag i flyet til Nicolás Maduro, presidenten i Venezuela. Det stadfestar det amerikanske justisdepartementet måndag kveld, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Dei meiner nyskaffinga av flyet braut med amerikanske eksportreglar.

Ifølge CNN vart flyet beslaglagt i Den dominikanske republikk.

USA og Venezuela har hatt eit anstrengd forhold i lengre tid.

Tidlegare i år gjeninnførte USA sanksjonar mot olje- og gassindustrien i det søramerikanske landet, fordi dei meiner regjeringa til Maduro ikkje ville følga demokratiske spelereglar i samband med presidentvalet.

Читайте на 123ru.net