World News

Skuffa Harry Potter-fans bua då togavgang ikkje blei annonsert

NRK.no 

Tusenvis av Harry Potter-fans måtte vente forgjeves på det årlege oppropet om togavgangen til Galtvort, melder BBC.

Dei siste åra har den fiktive avgangen blitt annonsert frå togstasjonen King's Cross i London kva 1. september klokka 11.

Men søndag blei annonseringa avlyst fordi for mange Potter-fans hadde møtt opp på togstasjonen som blei brukt som kulisse i filmatiseringa av romanserien.

Warner Bros, som eig filmrettane til bøkene, bad allereie i juli fansen om ikkje å møte opp, og heller sjå annonseringa på YouTube.

Likevel var det mange som møtte opp for å telje ned avgangstida. Dei byrja å bue då annonseringa aldri kom.

Читайте на 123ru.net