Person hamna i ein elv i Sogndal - får livreddande førstehjelp
Ein person har hamna i Sogndalselvi i Sogndal. Det skal vere mykje vatn og sterk straum i elva, melder politiet.
Mannskap frå brannvesenet har henta personen opp på eit berg i elva, og det er vanskeleg å få vedkomande over på fastlandet. Luftambulanse har landa og personell har tatt seg fram til pasienten.
Politiet opplyser at det er ukjent årsak til hendinga.