World News

Tenåring sikta for truslar etter melding om skuleskyting på mobilapp

NRK.no 

På appen Jodel, kor ein kan legge ut anonyme meldingar, har ein bruker lagt ut melding kor det blir trua med skuleskyting på ein skule i Bergen.

Vest politidistrikt opplyser til pressa at dei har sett i verk etterforsking og at dei har identifisert avsendaren av meldinga. Vedkomande er elev på skulen.

Politiadvokat Linn Mari Sjøvold i Vest politidistrikt opplyser til NRK at personen er sikta for truslar etter straffeloven §263.

Ho har ingen ytterlegare kommentar til saka.

Avsendaren har vedgått til politiet at det var ei lite gjennomtenkt handling å legge ut meldinga. Personen har ikkje hatt noko reelt ønske om å gjennomføre skuleskytinga, melder politiet.

Saka blir følgt opp av førebyggjande seksjon på Bergen sentrum politistasjon

Читайте на 123ru.net