Mann evakuerte bil då det raste over vegen
Eit steinras har gått over fv. 5625 Skjerdalsvegen mellom Aurland og Skjerdal. Vegen er stengd, melder Statens vegvesen. Det er ikkje kjend når vegen opnar eller kor stort raset er.
Mannen som varsla om raset måtte sjølv evakuere bilen han sat i då raset kom i det kjente rasområdet, opplyser vegtrafikksentralen.
– Han kom køyrande og merka at det raste foran han, evakuerte bilen og sprang i sikkerheit. Dersom personar ser ein bil med lys på i eit rasområde, kan det verke dramatisk, men personen skal vere i sikkerheit, seier trafikkoperatør Eirik Elnes til NRK.