World News

Canada gjev vekk m-kopparvaksine

NRK.no 

Kanadiske styresmakter skal gje vekk opptil 200.000 vaksinedosar mot sjukdomen m-koppar.

Målet med donasjonane er å gjere noko med dei enorme skilnadane som førte til at fleire land i Afrika ikkje fekk tak i vaksinen under det globale utbrotet i 2022. Det opplyser ein talsperson for utviklingsdepartementet i Canada,

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) erklærte i august m-koppar for å vere ei global folkehelsekrise. Eit utbrot i Kongo starta med ein kjend variant av viruset. No ser ein ny variant ut til å spreie seg lettare gjennom normal nærkontakt, inkludert seksuell kontakt. Han har no spreidd seg til Burundi, Kenya, Rwanda og Uganda.

Читайте на 123ru.net