World News

Sunnmørskommune dømd for ærekrenking

NRK.no 

Ein sunnmørskommune er dømd til å betale ein privatperson 80 000 kroner i erstatning og oppreising for ærekrenking. Ærekrenkinga skjedde i samband med at kommunen hyra inn eit eksternt selskap for å få sett ned gatelys.

Han som var prosjektleiar for arbeidet eigde sjølv deler av området der gatelysa kom opp.

Ein av toppsjefane i kommunen hevda at prosjektleiaren blanda rollene, og forsøkte å plassere eitt av gatelysa slik at han fekk opplyst deler av tomta si, i staden for gangvegen.

I eit brev til leiinga i selskapet sette kommunen fram påstandar som sverta prosjektleiaren, og sørga for at han blei fjerna frå jobben umiddelbart.

No må kommunen betale både sakskostnader, oppreisingserstatning og erstatning for økonomiske tap.

Читайте на сайте