Kunnskapsministeren vil gjera skulen meir praktisk
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la fredag fram stortingsmeldinga som tek for seg 5. til 10.-klasse.
Ho ønsker mellom anna valfag på barneskulen frå 5.-7- trinn, meir praktisk læring i alle fag og eit system for oversikt over fråvær.
Tiltaka skal gi betre læring, motivasjon og trivsel.
– Me legg til rette for at skulekvardagen skal bli meir praktisk, variert og aktiv slik at motivasjonen aukar og elevane lærer meir, seier Nordtun.