World News

Facebook-eigar Meta tapte i retten

NRK.no 

Facebook-eigar Meta tapte mot personvernaktivisten Max Schrems i EUs domstol.

Schrems meinte at ein ikkje kunne bruke gamle data til å tilpasse reklame slik Meta gjer.

Domstolen har no bestemt at Meta ikkje får lov til å bruke alle data som dei har samla inn. Schrems vann i retten etter ein årelang strid.

Tobias Judin, sjef for internasjonal seksjon i Datatilsynet meiner at dommen er litt vag.

– Domstolen seier at kor grensa går får nasjonal domstolar avgjere seinare. Så den set ikkje ei klar grense for kva som er greitt og ikkje, seier han til NRK.

Dommen slår fast at Meta har brote prinsippet om at dei ikkje skal bruke masse data utan at det er rekna som nødvendig, ved å ha samla data om brukarar i fleire tiår.

Читайте на 123ru.net