Tine-konkurrentar stussar over prisauke
Styret i Tine varsla i førre veke at prisen på mjølk vil auke med 6 øre per liter frå 1. januar.
– Akkurat no er tilliten til Tine lågare enn på lenge, seier styreleiar Sofie Oraug-Rygh i Uavhengige Meieriers Landsforbund (UML). Ho representerer Q-meieriene, Synnøve Finden, Rørosmeieriet, Normilk og Hennig Olsen.
Stortinget har bestemt at Tine framover skal setje prisen bonden får for mjølka. Dei arbeider med ein ny prismodell, som skal tre i kraft først i april neste år.
Konkurrentane trudde prisen på mjølk stod fast inntil den nye prismodellen er på plass.
– Vi må ta mest omsyn til å sikre at vi dekker behovet for norsk mjølk. Difor må vi sørge for at det er lønsamt for bonden å produsere mjølka, seier Johnny Ødegård, i Norsk melkeråvare, som er ein del av Tine.