Sender «Forræder»-finale med avdøde Janne Puhakka i Finland
Då finske Janne Puhakka (29) blei drepen i oktober, valde TV-kanalen Nelonen å setje den finske versjonen av det populære programmet «Forræder» på pause på ubestemt tid.
Ifølgje finske medium kom han til finalen, som skulle sendast 17. oktober.
No fortel TV-kanalen til VG at dei skal sende programmet sundag 10. november.
Puhakka var den fyrste mannlege ishockeyspelaren som stod fram som homofil i Finland. Den tidlegare sambuaren hans, ein norsk mann i 60-åra er sikta for drapet.