World News

Aktoratet ber om utsetting av «hysjpenge»-saka til Donald Trump

NRK.no 

Saka der Donald Trump er funnen skuldig å ha betalt «hysjpengar» til tre personar i samband med presidentvalkampen i 2016, bør ifølge aktoratet i New York bli sett på pause, melder Reuters.

Grunnen er at dei vil Trump mogelegheita til å søke å få saka avvist etter at han er valt til USAs neste president.

Det er første gong ein amerikansk president, tidlegare eller sittande, er dømd eller sikta for kriminelle lovbrot.

Han var tiltalt på 34 punkt for dokumentforfalsking og bokføring av falske utgifter. Aktoratet hevda handlingane var eit forsøk på å hindre at negativ informasjon om Trump kom ut i valkampen i 2016.

Trump blei kjent skuldig i mai, men straffeutmålinga har enno ikkje kome.

Trump har nekta straffskuld, og hevdar at saka er politisk motivert.

Читайте на 123ru.net