COP29: Endeleg tekst i kveld
Presidentskapet for klimatoppmøtet i Baku tek sikte på å leggje fram eit nytt forslag til slutterklæring rundt lunsjtider i dag, ifølgje informasjon som er sendt ut til dei ulike delegasjonane. Planen er vidare at ein endeleg tekst skal vere klar i løpet av kvelden.
Teksten som blei presentert i går, fekk sterk kritikk, og er blitt diskutert gjennom gårsdagen og natta. På bakgrunn av tilbakemeldingane, vil det altså komme ein revidert tekst seinare i dag.
To viktige punkt i teksten handlar om utsleppsreduksjonar og om finansiering av klimatiltak i fattige land. Målet er å bli samde om eit nytt globalt mål for klimafinansiering i dette møtet. Mange land meiner dei rike landa bør stille opp med minst 1000 milliardar dollar i året, men i teksten er dette førebels ikkje talfesta, og det er framleis uklart kven som skal betale.
Eit avgjerande spørsmål er om land som Kina og India, som i denne samanhengen er definerte som utviklingsland, men har hatt stor økonomisk vekst dei siste åra, skal forplikte seg til å bidra.