World News

Gravferdsbyrå i USA erkjenner likskjending

NRK.no 

I USA tilstår eit gravferdsbyrå at dei har stabla 190 lik i romtemperatur og gitt pårørande betongpulver i urnene, melder AP.

I fjor meldte naboar av byrået om stank frå ein forfallen bygning i ein liten by i Colorado. Styresmaktene fann 190 lik plassert oppå kvarandre i bygninga – fleire av dei var ikkje til å kjenne att.

Lufta der skal ha vore så giftig at ein måtte bruke beskyttelsesutstyr.

Eigarane av gravferdsbyrået skal ha brukt kundanes pengar på flotte bilar, reising og luksusgjenstandar, ifølge tiltalen.

Читайте на 123ru.net