World News

Servaleigar vil anke inndragning av dyret

NRK.no 

Kvinna som er dømt til samfunnstraff for å innføre det eksotiske kattedyret til Noreg, vil anke punktet om inndraging av servalen.

Det opplyser advokat og forsvarar Roy André Håkonsen Arteid til NRK.

– Ho ønsker ikkje at servalen skal inndragast. Det blir heilt feil.

Han peikar på at staten allereie har tatt hand om «Niño», som for tida er i Dyreparken i Kristiansand.

– Staten har vald forvaltningssporet, altså å bruke dyrevelferdslova til å omplassere og i realiteten ta frå ho eigarskapen. Då er det ikkje behov for inndraging etter straffelova i tillegg, seier advokaten.

Han forklarar at ho kan miste retten til å klage på omplassering eller eventuell avlivning av dyret, dersom dommen blir rettskraftig.

– Ho vil halde på eigarskapen til dyret. Det mister ho ved dommen.

Kvinna vil ikkje anke sjølve straffeutmålinga på 30 dagars samfunsstraff. Arteid opplyser at ho er letta over at det ikkje blei fengselsstraff.

Førre veke fekk Dyreparken i Kristiansand lov til å vise fram servalen. Ut på nyåret er planen at Tangen dyrepark i Innlandet kan overta ansvaret.

NRK har ikkje fått svar frå aktor om påtalemakta vil anke straffeutmålinga.

Читайте на 123ru.net