Kyrkja varslar nedbemanning
Kyrkjeadministrasjonen må kutte årsverk på grunn av ein krevjande økonomi, varslar Kyrkjerådet.
– Økonomien er anstrengt på grunn av ein stor vekst i pensjons- og lønnskostnadane. Difor foreslår vi å kutte 65 administrative årsverk i Kyrkjerådets og bispedømmerådas administrasjonar, seier direktør Ole Edvard Wold-Reitan i ei pressemelding.
Den norske kyrkja ar gått med underskot dei siste åra. Prognosar viser at underskota kan komme opp mot 250 millionar kroner i 2028 om ikkje det blir sett i verk tiltak.