World News

Nytt branntillaup i MF «Stord»

NRK.no 

Det er meldt om røykutvikling frå MF «Stord» som ligg til kai ved verftet i Leirvik i Hyllestad. Det melder 110 Vest. Naudetatene er på veg.

– Det har vore eit mindre branntillaup på ferja, men det er meldt sløkt, seier vaktoperatør Håkon Myking ved 110 Vest.

Røykdykkarar frå industrivernet er ombord, og går gjennom ferja no. Det skal framleis vere lett røyk ombord, og det blir no lufta ut.

Torleif Mongstad, administrerande direktør ved Tersan Havyard, seier brannen var i maskinrommet. Ferja ligger til kai for reperasjon etter branntillaupet i oktober. Den brannen starta då ein dieselslange lekk, slik at det spruta diesel ut i motorrommet.

Ingen personar er meldt skadde eller sakna etter brannen torsdag.

Читайте на 123ru.net