World News

TikTok avviser innblanding i prorussisk valsiger i Romania

NRK.no 

Det sosiale mediumet TikTok seier det er kategorisk feil å påstå at dei behandla den prorussiske presidentkandidaten Calin Georgescu annleis enn andre kandidatar under presidentvalet i Romania, skriv nyheitsbyråa Reuters og AFP.

Ein talsperson frå Tiktok seier dei fjerna videoar innan 24 timar etter førespurnader frå rumenske myndigheiter.

Valvinnar Georgescu var heilt ukjent for veljarane inntil kort tid før presidentvalet, då han dukka opp i det som blir omtala som ein målretta kampanje på TikTok. Ingen veit kven som betalte for denne kampanjen.

Ein høgare domstol i Romania har nå bedt om ei ny opptelling av stemmane i første runde av presidenvalet.

Читайте на 123ru.net