World News

Lege får tilbake autorisasjonen

NRK.no 

Ein lege i Møre og Romsdal får tilbake autorisasjonen trass i skuldingar om seksuelle overgrep mot ein pasient.

Ein ung pasient hevda hausten 2021 at legen hadde massert brystvortene hennar, og etter kort tid miste han løyvet til å vere lege.

I straffesaka er han i ettertid frikjend to gonger, medan Helsetilsynet held fast på at han er skuldig.

No har Borgarting lagmannsrett gitt legen tilbake autorisasjonen, i påvente av rettsaka i mai. Der møter han på nytt Helsetilsynet, som framleis held fast på at han ikkje skal ha lov til å arbeide som lege.

Читайте на 123ru.net