World News

Undersøker rasstaden i Geiranger i dag

NRK.no 

Rasstaden på fylkesveg 63 mellom Grande og Geiranger skal undersøkast straks det blir dagslys i dag. Då blir det avgjort korleis og kor fort vegen skal ryddast.

Eit tre meter høgt skred stengjer vegen og ein bil blei sitjande fast i skredet søndag. Ingen personar blei skadde.

– Vi håper å kome raskt i gang med opprydding slik at vegen kan opnast så snart som råd. Men vi treng dagslys for å få oversikt over omfanget. Vi reknar vi veit meir i løpet av ettermiddagen, seier samferdsledirektør Jesper Vik (Bildet).

Han legg til at det er lite truleg at vegen opnar måndag.

Det blir sett inn ferje mellom Geiranger og Hellesylt og den første ferja går frå Geiranger klokka 09.30.

Elevar frå Geiranger som skal på skule i Eidsdal har fått beskjed om korleis skuleskyssen blir ordna.

Читайте на 123ru.net