World News

Risa-tilsett sklei og slo hovudet i stein på Helleland

NRK.no 

Ein person er truleg hardt skadd i ei arbeidsulukke på Helleland i Eigersund.

Ifølge meldinga til politiet skal vedkommande ha sklidd ned ein skråning ned mot E39.

Personen er tilsett i Risa AS. Informasjonen selskapet har fått, tyder på at det ikkje er snakk om fall i ein skråning.

– Personen har sklidd på mose, falle og slått hovudet i ein stein, seier Marianne Gudmundson, leiar for strategi, berekraft og kommunikasjon i Risa AS.

Ein ambulanse kom til staden først, og personen er brakt til Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Risa har fått beskjed om at vedkommande var medviten i ambulansen. Gudmundson seier at dei har orientert dei pårørande, og at dei nå konsentrerer seg om å ta vare på dei tilsette.

Det er den første meldinga til politiet som gjer at dei melde denne skadetilstanden.

Det var trafikale utfordringar og manuell dirigering av trafikken forbi staden det skjedde. Klokka 10.18 melder politiet at vegen er opna.

Читайте на 123ru.net