World News

Støre om partikrisa:– Eg er motivert for oppgåva

NRK.no 

Statsminister og leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, seier han er motivert for oppgåva med å leie partiet vidare. Det seier han i Politisk Kvarter tysdag morgon.

I går vart det kjent at fleire personar i partiet diskuterer om Støre bør gi seg som leiar, etter fleire dårlege meiningsmålingar den siste tida.

Støre seier situasjonen er alvorleg, men at han er sikker på at trenden kan snu og at dei kan vinne valet.

– Eg er motivert for å gjere denne jobben og vera ein del av laget som skal snu denne utviklinga, seier Støre i dag.

Читайте на 123ru.net