Riiber overlegen i hopprennet
Jarl Magnus Riiber hoppa 101 meter i kombinert-hopprennet på Lillehammer laurdag. Ingen var i nærleiken av det norske VM-håpet.
– Heilt rått. Eit strålande utgangspunkt, sa TV 2-kommentator Peder Mørtvedt.
I langrennet seinare laurdag har Riiber ei leiing på 44 sekund ned til Franz-Josef Rehrl.
Verdscupleiar Vinzenz Geiger bomma totalt med sitt hopp og startar over to minutt bak Riiber.
(NRK/NTB)