Sette 46 kroner i pant – vann éin million
– Dottera vår seier ho nok håpar på ein ekstra fin julegåve i år, seier Tone Helen Dahle til Pantelotteriet.
Laurdag vann ho ein million kroner på sin lokale Extra-butikk i Elnesvågen, etter å ha satsa pant for 46 kroner.
Tone Helen Dahle og dottera skulle eigentleg berre vekeshandle på Coop Extra Elnesvågen og samtidig pante flasker, slik dei brukar.
– Ved frukostbordet sa sonen vår at den siste millionen i Pantelotteriet akkurat hadde gått, så det var ikkje noko vits i å trykke på Røde Kors-knappen i dag, seier Tone.
Det skulle vise seg at sonen heldigvis tok heilt feil. Og framfor panteautomaten tok Tone eit val ho neppe kjem til å angre på.
– Eg tenkte litt over det sonen min hadde sagt, men valde å trykke likevel. Det går jo til ein god sak. Så kom fanfaren, fortel Tone.
Og ut av automaten kom ein lapp som ho ikkje heilt skjønte noko av. Då fann dei ein tilsett på Extra, som kunne stadfeste at dei stod med ein milliongevinst i handa.
– Då er ein heilt utruleg kjensle og toppen av adrenalinkick! Ein kan jo seie at jula kom litt tidleg i år, med ein heilt spesiell gåve, seier Tone.
Gevinsten på Extra er den første av 12 nye milliongevinstar som akkurat er lagt i potten i Pantelotteriet.