Reuters: Bashar al-Assad har forlate hovudstaden
Den syriske presidenten Bashar al-Assad har forlate hovudstaden Damaskus. Det melder Reuters, som siterer to høgtståande tenestepersonar i al-Assad-regimet.
Han skal ifylgje ein offiser ha gått om bord i et fly. Det er uvisst kor presidenten reiser.
Observatørgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) melder at al-Assad skal ha forlate landet via den internasjonale flyplassen i Damaskus.